Den 25.03.23 sendte eg eit ope brev til Tinn Kommune v/ Merethe Skui og Gry Anja Hammersborg, der eg hadde ymse spørsmål ang. lege på Tinn Helsetun, og eg etterlyste svar. Endeleg 02.05.23 på ettermiddagen, fekk eg brev med invitasjon til møte med desse to den 3. mai, for dei synes eg hadde mange spørsmål og trudde muligens det var lettare å svare i ein muntleg dialog. Eg svara på melding til saksbehandlar Gry Anja Gunnersborg at eg ikkje har anledning til slike møter og at eg ville ha skriftleg offentleg svar fordi det er mange som ber meg å skrive for å få informasjon om legesituasjonen ved Tinn Helsetun.

Eg skriv ikkje berre for egen del, derfor er det mest hensiksmessig for alle å få offentleg svar. Eg har ikkje fått svar på melding og heller ikkje skriftleg svar på innlegget mitt. Eg vil ikkje bli involvera i ei privat samtale aleine med to av leiarane i Tinn Kommune. Det er kanskje på den måten de arbeider i ein kommune der åpenhet til innbyggarane i mange høve synes å vera fråverande, men eg vil ha full offentlegheit omkring spørsmåla mine ang. legedekning på Tinn Helsetun. Dette er noko folk er opptekne av, ein sak for heile samfunnet vårt, det er derfor eg kontaktar kommunen offentleg med spørsmål istaden for berre å prate.

Det er trist at kommunen vår havnar blant dei siste (315) i ein undersøking av så vidt eg hugsar 356 kommunar når det gjeld åpenhet. Eg føler ikkje at eg stilte så vanskelege spørsmål i innlegget mitt at dei ikkje kan besvarast skriftleg av tilsette helseansvarlege i kommunen. Det er, så vidt eg veit, ein del av jobben dykkar å vera til stades for innbyggarane med informasjon. Men de kan selvfølgeleg invitere ein journalist frå lokalavisa for å forklare legesituasjonen i Tinn kommune, og spesielt ved Tinn Helsetun, slik at det kjem informasjon ut til befolkninga.

Det har ingen hensikt med private samtaler.

Vi vil framleis ha den utfyllande informasjonen eg ba om sidan de har 8/9 legar til disposisjon og ingen å avsjå til Tinn Helsetun, eller om legane i det heile tatt er bedt om å betjene utekontor i Austbygde. Eller er kontoret tømt for utstyr?

Eg kjenner også til slagordet «Kommunen som gjør det umulige mulig.» Det gjeld tydelegvis ikkje ved legetilsetting på Tinn Helsetun. Halvparten av Tinn sin befolkning bur i bygdene og det er størst tilflytting til Austbygde. Vi kjører opptil 10 – 11 mil fram og tilbake til Rjukan for ei blodprøve, ein resept eller ein konsultasjon på inntil 15 min.

Dette gjeld ein stor del av innbyggarane i Tinn. Fastlegen ved Tinn Helsetun hadde i mars 2020 1150 pasientar.

Vidar Stang har sagt at det skal vera lege i Austbygde. Vi høyrer ikkje mykje til våre folkevalde, det ser ut som dei er sett på sidelinja.

Med tanke på at det er kommunestyreval til hausten så synes det vera merkeleg at det ikkje er meir interresse for viktige kommunale saker blant våre politikarar, bl.a. lovnaden om at det skal vera lege i Austbygde.

Tillit er noko ein gjer seg fortent til, ikkje noko ein kan kreve. Dette er ord som nokon kvar av oss har godt av å tenkja over, ikkje minst dei som er sett til å styre kommunen vår.

Eg imøteser svar på innlegget mitt av 25.03.2023.

Tessungdalen

25.05.2023

Mvh. Sigrid Lurås