Vårslepp på Rauland

Av

Fredag og lørdag er det vårslepp ved Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Rauland

DEL

Den 7.- 8. juni – fredag og laurdag – er det klart for eit tettpakka program med konsertar, utstillingar og forestillinga «Vårslepp» Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, USN Campus Rauland, opnar dørene 7. - 8. juni. Fredag kveld er det konsert med Javid Afsari Rad Trio i Årestoga, Telemarkstunet, Raulandsakademiet. Laurdag kveld er det forestillinga «Vårslepp» i Vinjesalen, Raulandsakademiet.

- Fredag og laurdag er utstillingane opne, seier Laura Ellestad til RA.

Ho er instituttnestleiar ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk.

- Her kan ein kan sjå eksamensoppgåvene til studentane ved Masterstudiet i tradisjonskunst, Kreativ maskinstrikking, Design, redesign og saum av klede, Kreativ maskinstrikking 1 og 2, og Bachelorstudia i tre, metall og tekstil, påpeikar Ellestad.

Studentane ynskjer i år velkomen til avslutningsforestillinga «Vårslepp».

- Det blir ei spennande forestilling med levande musikk, dans og framsyning av klede, metall- og trearbeid. Dette skjer laurdag 8. juni i Vinjesalen på Raulandsakademiet. Det er mogleg å få kjøpt seg mat og drikke i kafeen på Raulandsakademiet, reklamerar ho.

Etter forestillinga markerer Telemark Fylkeskommune avslutninga av stipendperioden for Telemark fylkeskommune sitt stipend for husflid og handverk. Stipendet gjekk denne gongen til Håkon Telnes Fjågesund for hans arbeid med å lage tradisjonelle fyllingsdører.







Artikkeltags