Gå til sidens hovedinnhold

Rjukanfossen - slåttar i Tinn-tradisjon - nominert til pris

Dobbeltalbum med Johannes og Gunnar Dahle. Etter ein ide frå to av Gunnar Dahle sine elevar, Anne Svånaug Blengsdalen og Bjørn Laupsa-Borge. Plata er spellemannominert.

Dobbeltalbum med Johannes og Gunnar Dahle. Etter ein ide frå to av Gunnar Dahle sine elevar, Anne Svånaug Blengsdalen og Bjørn Laupsa-Borge.

Etter storarbeidet Knut Buen gjorde med å dokumentere historia etter Knut Dahle i boka Som gofa spølå i 1983 og likedan dei tre kasettutgjevingane i 1986 på Buen kulturverkstad, er det gjort lite for å løfte fram denne genuine musikkhistoria. Genuin er ho fordi det var Knut Dahle som gjennom Johan Halvorsen ga Edv. Grieg materialet som vart Norske slåtter opus 72. Lite har løfta norske musikktradisjonar ut til eit verdspublikum som Opus 72.

Barnebarna til Knut Dahle, Johannes (1890-1980) og Gunnar (1902-1988), som er å høyre i denne utgjevnaden, førte spelet til Knut vidare og har gjeve det beste av seg sjøl so lengje dei levde. Tru mot tradisjonen og kjelda si, gamle Knut.

Elevar

Vi har møtt dei to initiativtakarane, Anne Svånaug Blengsdalen og Bjørn Laupsa-Borge. Dei fortel at dei lengje har villa gje noko tilbake til Dahlespelemennene og særleg Gunnar som dei begge har vore i lære hjå.

Anne Svånaug voks opp på Miland i Tinn med foreldre som elska felemusikk og særleg spelet til Gunnar Dahle. Og da det vart utlyst felekurs med Gunnar som lærar i 1972, meldte mor hennar jenta si på kurset.

-Vi lærde så mykje av Gunnar i læretida vår, og det gjeld ikkje berre av spelemannen, men og av mennesket Gunnar Dahle. Så denne produksjonen er på mange måtar ei kjærleiksærklæring til Gunnar og musikken hans, seier Anne Svånaug.

Bjørn Laupsa-Borge er frå Hardanger og kom til å gå saman med Anne Svånaug på lærarskulen på Notodden. Ho inviterte han med på konsert i Tinn og fekk da møte Gunnar etterpå. Dermed var Bjørn fanga. Han hadde ikkje spela fele før, men tok til spela etter det. Da han seinare kom til Flesberg som lærar, møtte han folk der som heldt Dahlespelet høgt og som tok han med på turar til Tinn.

Begge framhevar Gunnar i dette biletet. Dei ville gjennom denne produksjonen freista gje eit likestilt bilete av brørne Johannes og Gunnar.

-Me opplevde nok at Johannes fekk større merksemnd enn broren Gunnar og syntes det var litt urettferdig, seier Bjørn.

-Johannes var ungkar og hadde tid til musikken. Gunnar var industriarbeidar og familiemann, og han måtte sjølsagt ta andre omsyn til mangt anna enn broren. Men om ein gjev seg tid til verkeleg å lytte så hadde Gunnar eit spel som fortener å bli kjent, fortset Laupsa-Borge. Og begge trekkjer fram at Johannes i tillegg fekk stor og vel fortent merksemd for alle sine komposisjonar.

Anne meiner ho har lært om lag 200 slåttar av Gunnar. Bjørn på si side har noko over 100, så begge sit på ein musikkskatt av dei sjeldne.

Særpreget

Når vi så spør dei kva som særmerkjer Dahlespelet er dei samstemte. Det er fyrst og fremst tonaliteten som peikar bakover i familietradisjonen gjennom godfar Knut Dahle og heilt til Brynjulv Olsson som var det musikalske opphav. Både Johannes og Gunnar var opptekne av å halde slåttane reine for klisjear. Og om dei sat på tame og kunnskap om ornamentikk så bruka dei det nennsamt.

-For dei to var melodilina i slåtten styrande, dei meinte kvar slått skulle fortelja si historie. Og dermed var dei forsiktige med ornamentikken, seier Bjørn, og Anne legg til:

- Dermed blir spelet usentimentalt, vi kan seia dei økonomiserar med verkemiddla. Dei var opptekne av form, som gjer det musikalske uttrykket heilstøpt, legg Anne til.

Dette er altså eit dobbelt album med 23 slåttar spela av Johannes og 21 slåttar med Gunnar. I alt er det nesten ein heil time med slåttespel. Og for eit spel! Blengsdalen og Laupsa-Borge har hatt høve til å bla i arkivet til NRK, og med sikkert øyre har dei plukka ut dei 44 slåttane som er presenterte her.

Denne produksjonen lyfter fram Tinn-spelet og set det i dei rette historiske rammene. Tanken var å lansere plata på den avlyste landskappleiken i år, og det hadde vore rette ramma. Men slik musikk treng ikkje kulisser og rammer, det er så musikalsk fullkome så det står av seg sjøl.

Laupsa-Borge og Blengsdalen har nytta ei mengd kjelder til det fyldige tekstheftet som fylgjer med. Gjennom intervju med famile, avisutklypp og sitat or ulike protokollar får ein kjennskap til historier og vinklingar ein elles ikkje ville fått kjennskap til. Interessant er også alle utsegna dei har samla frå folk som har kjent Dahle-karane. Heile produksjonen er eit heilstøpt arbeid som bør verta eige for alle som har tilknytning til Tinn, men og for alle som vil ha autentisk folkemusikk å lytte til. Her er det ikkje lettvinte løysingar, her er alt heilstøypt.

Dei to redaktørane har og funne fram interessante fotografi som pregar tekstheftet på ein fin måte.

Elles peikar dei på at prosjektet har vore langdrygt og tungt. Dei takkar Tinn kommune og Tinn spelemannslag for støtte. Likeins «Rådet for folkemusikk» og «Norsk Kulturråd». Produsentane vil også takke dottera til Gunnar, Svanhild Dahle Ravnås og barnebarnet til Gunnar, Gro Synnøve Brekka. -Dei har vore rause og gitt uvurderleg hjelp til produksjonen, seier dei begge.

Verdensarv

Men dei lar oss få vita at dei er undrande til at Telemark og Vestfold fylke ikkje hadde ei krone å gje i støtte. Likens meiner dei Verdensarven som no vert lyfta så fram, ikkje ser den immatrielle verdsarven. Knut Dahle har verkeleg gjeve sitt til verdensarven gjennom slåttane Grieg ga ut som Opus 72, Norske slåtter. Samstundes som det sit folk i Tinn og spelar på fela si, så sit det folk i Japan som spelar den same slåtten på piano!

Så får ein berre håpe at dei som styrer med Verdsarven Notodden-Rjukan, om dei ikkje ville støtte produksjonen, veit å bruke denne utgjevnaden til å vise verda den immatrielle kulturarven i Tinn.

Som numedøl takkar eg for denne produksjonen, den fyller ut alle historiene eg har høyrt om Tinn og tinnspelet. Eg lærte mykje spel av Sverre Eggerud i Rollag. Han var tippoldebarn av Knut Lurås og byrg av herkomsten sin. Han fortalte mange historier, mellom anna denne:

-Knut Dahle hadde konsert på låvin i Vårvikje ein gong. Det var 10 øre i inngangspengar og svart med folk so mange måtte stå ute og lye.