Gå til sidens hovedinnhold

Sammen for nytt navn : Atrå samfunnshus

Både Bygdeutviklingslaget Atrå i Morgo og styret i Atrå samfunnshus ber huseier Tinn kommune om å bytte navn fra Atrå Flerbrukshus til det mer språknøytrale Atrå Samfunnshus.

Begge styrene har skrevet en oppfordring til Kultur og oppvekst i Tinn kommune om å bytte navn. Her er brevet i sin helhet.

Bygdeutviklingslaget Atrå i Morgo

Styret i Atrå samfunnshus


Tinn kommune

Kultur og oppvekst


NAMN PÅ NYTT FORSAMLINGSHUS I ATRÅ


Det nye forsamlingshuset på Dugningshaugen står no snart klar til bruk. Me syns det har blitt flott og funksjonelt, og det skal Tinn kommune som byggherre og andre involverte partar ha mykje skryt og anerkjenning for. Men det er ein ting privatpersonar, lag og foreiningar har reagert på i samband med nybygget, og det er namnet Atrå flerbrukshus, som er kome opp ved inngangspartiet.

Me syns Atrå samfunnshus er eit meir passande namn på det nye forsamlingshuset. Det er språknøytralt og seier meir om husets bruksområde, identitet, kultur og historie.

Ei undersøking som er blitt gjennomført viser at mange ønskjer at namnet Atrå samfunnshus også blir nytta på det nye bygget.

På vegne av framtidige brukarar av huset vil me gjerne at namnevalet blir teke opp til vurdering. Me ber med dette om at namnet blir endra frå ATRÅ FLERBRUKSHUS til ATRÅ SAMFUNNSHUS.


Med helsing

Bygdeutviklingslaget Atrå i Morgo

Styret i Atrå samfunnshus