Nærare tenester gir enklare liv

- Det er for enkelt å seie at me skal gjenopprette alt slik det ein gong var, sier Lene Vågslid (Ap) på Telemarksbenken.

- Det er for enkelt å seie at me skal gjenopprette alt slik det ein gong var, sier Lene Vågslid (Ap) på Telemarksbenken.

Av
DEL

Mange i Norge har vekst opp i lokalsamfunn der ein tidlegare kunne ordne det meste i nærleiken av heimen. Besteforeldra mine vaks opp i eit lokalsamfunn med både bakeri, postkontor, bank, og lensmannskontor. Urbanisering, sentralisering og no fleire år med Høgrepolitikk har ført til at mange bur i lokalsamfunn der det er få eller ingen statlege tenestar igjen. Dette skaper utrygghet, unødvendig reising, klimautslepp, plunder og heft i kvardagen.

Denne utviklinga treng ikkje bare bremser, men nye idear. Arbeiderpartiet vil ta leiarskap i det arbeidet. I arbeidet vårt med nytt partiprogram for 2021-2025 vil me utvikle idear som gjer at ein både kan få tenestar og service nærmare der ein bur, og at ein skal bruke nye digitale løysingar for ein forsterka distriktspolitikk.

I dag opplever mange folk, særleg i distrikta, at det å ordne med statlege tenestar eller oppgåver er mykje plunder og heft. Ein må køyre lenger og lenger. For dei som ikkje har bil er det ennå verre. Høgreregjeringas distriktsfientlege politikk aukar forskjellane mellom folk i bygd og by.

Arbeiderpartiet ser ikkje tilbake i tid for å finne svar på nye politiske løysingar. Det er for enkelt å seie at me skal gjenopprette alt slik det ein gong var. Det svarar heller ikkje på dei utfordringane samfunnet står ovan for. Derfor vil vi tenke desentralisering gjennom nye forslag til løysingar og føre ein moderne og framtidsretta distriktspolitikk i Norge.

Arbeiderpartiet er ikkje og har ikkje vore i mot eit kvart sentraliseringsgrep. Men i Arbeiderpartiet meiner vi at ein sentraliserer berre det ein må, og desentraliserer det ein kan. Norge har ikkje brukt muligheitene godt nok til å gjere det siste. Kvifor nyt ikkje distrikta godt av digitalisering? Bør det ikkje vere enklare å gjere ting meir lokalt enn før?

Arbeiderpartiet meiner framtida må vere digital og lokal. Distrikta må nyte godt av digitalisering. I dag har det vore for mykje av det motsette. Men folk vil også møte folk framtida. Derfor vil Arbeiderpartiet etablere det vi kallar nærtenestesenter i heile landet som ei løysing på korleis folk skal få ein enklare kvardag, med fleire tenestar i nærleiken av der dei bur og lever sine liv.

Ideen om eit nærjenestesenter er inspirert av blant anna Danske Borgerservice, av OsloHjelpen og av ByLab i Moss. Me ønsker slik senter for statlege tenestar over heile Norge. Eit slik senter kan til dømes innehalde tenestar og oppgåver som pass, førarkort, sivile oppgåver som tidlegare låg i det kanskje nedlagte lennsmanskontoret, notariaoppgåver, rettshjelp og juridisk rådgivning, digital rettleiing og eit treffpukt for mellom folk og lokalt politi.

Eit nærtenestesenter kan lokaliseres saman med kommunens servicetorg, med ein domstol eller lensmannskontor. Denne ideen bygger på eksisterande strukturar og skal styrke tenestetilbodet til folk, i staden for å svekke det.

I arbeidet med partiprogram vil me vidareutvikle denne ideen, slik at dersom me kjem i regjeringsposisjon i 2021 vil jobben starte med ein moderne og framtidsretta desentralisering av statlege tenestar. Saman med partane i arbeidslovet vil Arbeiderpartiet vil skape verdens beste offentlege sektor!

Lene Vågslid (Ap)

Stortingsrepresentant og leiar av Justiskomiteen på Stortinget


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags