Vestfold og Telemark KrF meiner at det er mykje viktig å behalde ein domstol i Øvre Telemark. Vest-Telemark tingrett og Øvre Telemark jordskifterett vart samlokaliserte i Statens Hus i Kviteseid i 2008.
Kontor/rettslokale vart utbygde med tanke på tenleg samordning: felles funksjonar for administrativ del av arbeidet, supplering og aktuell assistanse på fagleg relaterte oppgåver. Det er no 5 årsverk i jordskifteretten og 4 i tingretten. Avstand er ein sentral faktor for aktørane i retten.
Jordskifteretten er ein arealetat. 67% av arealet i Telemark er innafor distriktet til øverste delen av Telemark. Sakene vert best løyste om det ikkje er for lang avstand mellom domstolane og partane.
KrF meiner difor at det er gunstig for distriktet om dei framleis har en operativ jordskifterett i Kviteseid.
Fylkesstyret i Vestfold og Telemark KrF