Prest for vår tid

PREST: Kristin Fæhn hadde sist søndag sin siste gudstjeneste i Tinn. - Ho har vore prest for alle – for det tradisjonelle kristenfolket og for dei eg vil kalla «vanleg» folk, skriver Hallvard Hegna fra Atrå i denne kronikken.

PREST: Kristin Fæhn hadde sist søndag sin siste gudstjeneste i Tinn. - Ho har vore prest for alle – for det tradisjonelle kristenfolket og for dei eg vil kalla «vanleg» folk, skriver Hallvard Hegna fra Atrå i denne kronikken.

Av
DEL

Sundag 20. oktober hadde Kristin Fæhn siste gudtenesta si i Tinn, i ei fullsett Atrå kyrkje, og det var avskils-samvær for henne i Dølehalle etterpå. Kristin Fæhn har vore soknepresten vår i 4 år, og har etterlate seg inntrykket av ein eineståande prest og personlegdom. Ho har vore prest for alle – for det tradisjonelle kristenfolket og for dei eg vil kalla «vanleg» folk. Med sin kristne bodskap har ho vunne tillit hjå alle, og me vart svært glade i henne. Då eg leita etter ord som kunne karakterisera henne, slo det ned i meg tittelen på ei bok om ei kvinne som levde på 1800-talet (Conradine Dunker 1780-1866): «Forstandens lys og hjertets varme» heiter boka. Dette er ord som også passar på Kristin Fæhn.

«Ein prest møter menneske i deira såraste stunder i livet – når dei har mist nokon av sine kjære. Då har dei kjent medkjensla hjå Kristin prest, og har opplevd gravferda som ei embetshandling med varmt hjarta, der alle er verdsett likt»

Og «forstandens lys» har Kristin Fæhn synt oss med klok og aktuell tolking av bibeltekstene, framførd med engasjement. Ho har vist seg som ein prest for vår tid – ei tid som gjev inntrykk av, som ei alminneleg meining, at «moderne menneske ikkje har behov for religiøs tru».

«Religion er tro på eventyr», seier dei, og religiøse menneske dumme. Men det skjer likevel noko i våre dagar: Audmjukt undrande til livets mysterium og eksistensens utfordringar og krav, opnar menneske seg for religiøse tankar og kjensler. Og

mange frigjer seg frå «himmel/helvete-førestellinga», med kravet om å «tru rett og nok» for ikkje å koma i helvete. I den kristelege avisa Vårt Land kan ein no lesa teologar som tenkjer alternativt om å vera religiøs og truande.

Religiøsitet dreier om livet her på jorda: «Hva som er på den andre siden av døden, vet vi like lite om som ‘barnet i sin mors liv’ vet om livet etter fødselen.» sa teologiprofessor Inge

Lønning. Dei som ynskjer høyra til den kristne kyrkja, bør kunna leva harmonisk saman om dei «trur» på litt ulike måtar.

Definisjonen som den engelske filosofen Alfred North Whitehead (1861 – 1947) gjev av religiøsitet, er tankevekkjande: «Religion is what the individuals do with their loneliness»:

Religion er kva individa gjer med si einsemd», seier han, og då råkar han ei menneskeleg grunnkjensle. Den som har ‘ein gudsrelasjon’, er aldri einsam, aldri åleine: «Jeg er i Herrens hender i alt som med meg skjer. I smil og gråt jeg kjenner at Herren er meg nær.» (nr. 494 i Salmeboka). Å tru på Gud – det er å ha eit gudsforhold, det er «å bli som barn igjen», som Jesus sa ein måtte for å koma inn i «himmelriket», eller «Guds rike», som han tala mykje om:

«Guds rike er inne i dykk,» sa Jesus, og han lærde læresveinane sine å be til ‘ein «far i himmelen» som dei kunne seia «du» til. Dette er ikkje «barnsleg og dumt» – det er barnleg tillitsfullt, og det er mentalhygiene.

For ’mennesket’ treng ein adressat for sine hjartesukk og for si takksemd.

Forfattaren og politikaren på ytre venstre fløy, Jon Michelet, som døydde etter å ha vore sjuk lenge, lånte nykkelen til kyrkja, og leverte han ikkje attende. Han gjekk til «Guds hus» og hadde sine stille stunder der. Og han valde kristen gravferd – kyrkja hadde ikkje rom til alle som ville fylgja han til grava. Og dottera hans, som voks opp med erklærte ateistar til foreldre, lura seg til å gå på sundagsskulen. Tania Michelet lét seg nyleg døypa i Moss kyrkje – over 50 år gamal. Det kan ikkje vera sant «at religion er «utgått på dato», sjølv om berre 37 prosent av folket no seier i spørjeundersøking at dei trur på Gud. 70 prosent er enno medlemer i kyrkja. I

Russland, som i 70 år hadde eit aggressivt religionsfiendsleg styre, seier 70 prosent av folket at dei trur på Gud. Forfattaren Dag Solstad har fått mykje merksemd etter siste boka si (den tredje om Bjørn Hansen og livet hans). Det er dei religiøse tankane hans ein er særleg oppteken av. Og Solstad har tidlegare vorte intervjua om sitt personlege syn, han var i yngre år partifelle av Jon Michelet, i AKP (ml).

I 2013 vart Solstad intervjua i Dag Og Tid. Han er ikkje truande sjølv, seier han. «Men eg er redd for å bli fråkopla eit religiøst eller metafysisk perspektiv, fordi eg ser eit sekularisert samfunn som eit mareritt. Det gjer eg verkeleg! Eit samfunn der Gud ikkje er ein realitet for menneska, er skremmande for meg. Dit har eg kome. Men glødande ateist har eg aldri vore, og statskyrkja har eg alltid stått i.»

Den populære songartisten Bjørn Eidsvåg har skrive ei bok med tittelen «Tro og trass». Han er òg presteutdanna, men han har hatt problem med den kristentrua han voks opp med i Odda. No har han funne ein måte å tru på, og biskop Atle Sommerfeldt seier i Vårt Land 19.10.19, at «Eidsvåg viser oss på rett vei med sin kristendomsforståelse». Sommerfeldt nemner i innleiinga biskop Halvor Nordhaug, som to dagar tidlegare skreiv at «Eidsvåg har presentert intet mindre enn en alternativ kristendomsforståelse.» «Ja, mon dét?» svarar Sommerfeldt, og han legg til: «Eidsvåg bruker mye teologisk skyts til å bekjempe opplevelser fra oppvekst i bedehusland. Der møtte han en forkynnelse om helvete som satte dype spor. […] Det bringer ikke mennesker til å tro på Guds ubetingede nåde.»

Sommerfeldt seier elles at «biskoper, prester og forkynnere eier ikke troens språk». Kristen tro må formuleres på ny og på ny.» Biskop Sommerfeldt avsluttar med ein takk til Eidsvåg: «Slik lager han innhold til en trosbekjennesle han vil vi skal holde oss til: Jesus er Herre!» Og kven var Jesus? – Dei religiøse leiarane sa han var «ein storetar og vindrikkar», og klaga han for at han åt saman med «tollarar og syndarar» og var saman med simple kvinner – og han heldt ikkje alle dei religiøse påboda. Difor ville dei ha han han bort. Og Jesus sa at han døydde for «folkets synder», som det var skikk å ofra for kvart år. Jesus ville gjera det éin gong for alle! Og då Peter ein gong spurde han om kor mange gonger han skulle tilgjeva bror sin – «var sju gonger nok?» – Då svara Jesus: «Ikkje sju, men sytti gonger sju!» Denne gripande ‘Jesus’ har me høyrt mindre om i forkynninga. Jesus har vore «frelsaren» som døydde for at me skulle sleppa koma i helvete. Gud vart menneske i Jesus (inkarnasjonen), og han sa om seg sjølv: «Eg er vegen, sanninga og livet – ingen kjem til Faderen utan ved meg.» Det skjer noko i kyrkja i dag. Det gamle skiljet, som har delt folket i ‘verdige’ og ‘uverdige’ ved nattverdbordet, og som førde til «det store nattverdsfallet», er borte. (Dei ‘uverdige åt og drakk seg sjølv til doms’, heitte det.)

I dag, med den nye måten å feira nattverd på, er det kø når nattverden vert delt ut. Også dei med ei «blyg» kristentru gjeng inn i køen. (Om desse skreiv eg ein stor artikkel i RA 3. mai 1996).

Kyrkja er den siste store fellesskapen me har i samfunnet vårt. I Kyrkja er me òg i fellesskap med dei som kviler på kyrkjegarden – farne slekter, som kyrkja har vore ein ‘inngang’ og ein ‘utgang’ for i livet.

Eg synest barnedåp er gripande, og eg vil seia til foreldre: Døyp borna dykkar! Lat dei koma inn i den store fellesskapen!

Jesus sa: «Lat dei små borna kom til meg, hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til!»



Artikkeltags