Gå til sidens hovedinnhold

To slitsame timar på Gaustadtoppen

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ja, vi vart åtvara om at det var lang ventetid for å komme ned att frå Gaustadtoppen. Mange gjekk opp, men alle ville ta banen ned. Det vi ikkje visste, var at vi måtte stå dei to ventetimane i ein kald, halvmørk og fuktig korridor inni fjellet. Mor og far gjekk opp, besteforeldra med tre barnebarn tok banen opp ei stund etter. Det var spanande, litt skummelt og litt moro for alle. Vi såg den fantastiske utsikta, vi et vaflar og så skjønte vi kva vi måtte gjennom for å koma ned.

Det minste barnebarnet er snart to år. Har du prøvd å stå to timar i kø med ein toåring som helst vil springe fritt, som ikkje vil bli halde fast eller stengt inne? Det var ikkje moro. Ikkje moro for foreldra, ikkje moro for besteforeldra og aller minst moro for toåringen. Til slutt gret han av frustrasjon og irritasjon. Det gjøre nesten resten av familien også. Heldigvis fann vi ei sjokolade i sekken som fekk opp humøret litte granne. Aldri har det vore betre å koma ut i solskinet att.

Kvifor må det vera eit system som får alle til å tenke at hit skal eg aldri, aldri meir? Det tener ikkje Rjukan på. Det er ei dårleg oppleving for turistar. Det kunne lett vore eit kølappsystem og ei elektronisk tavle som viste kva for nummer som var dei neste til å få plass på banen ned. Du måtte gått inn når ein bane reiste ned og så vente dei minutta det tek før neste bane skulle gå. Kom du ikkje i tide, måtte du trekke ny kølapp. Det kunne til og med vore ei elektronisk tavle oppe i kaféen. Så kunne vi venta ute eller inne. Fint i sola eller inne i kaféen om det var kaldt. Vi kunne handla fleire vaflar og meir drikke. Vi slapp å bli sure og utslitne og kalde og småagressive. Og vi ville kanskje tatt ein ny tur ein annan gong.

Slik denne opplevinga var, kjem vi nok aldri på Gaustadtoppen meir.

Kirsten Inga Kamrud, turist