(TA) – Det blir som å gå frå moped til vogntog. Frå veldig lite til veldig stort. Mykje er likt, men det aller meste veldig ulikt. Det er jo artig at det som ikkje vart nokon slager i 1860-åra, plutseleg blir etterspurt i dag, smiler hardingfelemakar Ottar Kåsa. Han er i gang med å berike Noregshistoria med eit unikt eksemplar «hardingcello», der ein kombinerer hardingfela og celloens eigenskapar.

– Ein veit at hardingfelemakar Erik Johnsen Helland hadde store planar om å også forsyne den klassiske marknaden med instrument. Dessverre døydde han så altfor ung og kom aldri så langt at han fekk testa det særleg ut, anna enn med ein hardingbratsj. Men, etter det ein veit, blei det aldri særleg rift om den heller, påpeikar han.

Spennande lydbilete

Etter at Ottar laga ein hardingbratsj til Nora Taksdal i Kringkastingsorkesteret for nokre år sidan, kom førespurnaden i haust om å også lage ein hardingcello til ein av kollegane hennar i Oslo Filharmoniske Orkester.

– For profesjonelle musikarar er slike nye lydbilete veldig spennande. Og ved å tillegge understrengar på klassiske instrument, som liksom er nerva i hardingfela, får ein fram ein djupare, meir barokk lyd enn det ordinære klassiske instrument gir. Og for somme komponistar og komposisjonar fungerer det veldig godt, fortel Ottar og nemner mellom andre Bach og Telemann, der ein ofte med fordel kan ha litt større volum.

– Ei ordinær hardingfele når heller ikkje gjennom i eit symfoniorkester, så ein hardingcello eller hardingbratsj blir liksom ein kraftigare versjon, fortel han, og synest sjølv det er eit spennande bestilling.

– Det er litt av eit prosjekt. Det finst jo ingen tradisjon for dette, så det er lite kjelder å støtte seg til. Eg blar i konstruksjonsbøker for cello og prøvar å få litt gode tips. Dessutan kjenner ein kar som byggjer celloar, så må nok rådføre meg med han. Eg prøvar å tenkje på at eg skal lage ei forvokst fele. Alt i King Size liksom, smiler han, takksam for støtte frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og Norsk Kulturråd for å verkeleg kunne fordjupe seg i prosjektet.

Gir skikkeleg boost

– Det er veldig inspirerande. Eg er kjempeglad for å ha fått moglegheit til å jobbe med dette. Som mange andre, er også mitt kvardagslege virke prega av ein del rutinearbeid, så det å grave seg ned i noko heilt nytt gir ein skikkeleg boost, erkjenner han, sjølv så tradisjonsprega yrket hans er.

– in må vere litt open for å prøve nytt. Og dette er dessutan ei god blanding av kunst og ingeniørverksemd. Det er viktig å ikkje gløyme den ingeniørmessige biten. For instrumentet må tole både trykk og press, utan at lyden blir øydelagt. Så eg må finne på noko lurt på materialfronten. Blir vel flamma lønn i botnen og halsen, og gran i loket. Eller: om nokon har ei enorm svartor, så tar eg gjerne den! Det hadde vore skikkeleg tøft, humrar han og håpar å vere i mål med det heile i løpet av hausten.