(Hardanger Folkeblad)

Frå torsdag 13. september vart det opna for samjakt mellom Røldal, Ullensvang, Eidfjord og Odda.

Årsaka er at ein vil sikra nok CWD-prøvar.

Fredag kveld melder Torleif Fresvik, leiar i Røldal fjellstyre, at ein frå søndag 16. september klokka 7 opnar dei vanlegvis freda områda i statsålmenningane.

Opninga gjeld ut jakta, altså til 23. september klokka 19. 

Les og: - Ein er nøydt å freda ein del av sitt eige areal dersom ein ønsker at andre vald skal bidra med freding

Det betyr at dei som har kort i statsålmenningane fritt kan jakta villrein utan å ta omsyn til korridorar og grenser i Hordaland.