Gå til sidens hovedinnhold

Villreinen er truga!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ein snakkar fint om kor viktig det er å ta vare på villreinen, spesielt i festtaler. Likevel blir reinens ve og vel ofra når det står om andre økonomiske næringsinteresser og samfunnstiltak. Bit for bit, meter for meter, pressar ulike utbyggingar og naturinngrep seg inn i eller tett opp til reinens leveområder. Nokre døme: På Skafsåheii og Setesdal Austhei i Tokke kommune på austsida og i Bykle og Valle kommunar på vestsida I ligg konsentrert hytteutbygging tett inn til reinens trekkvegar. Kor stor barriereeffekt fylkesveg 45 har er vanskeleg å seie. I Rauland i Vinje kommune er storstilte og godkjende hytteområde pressa heilt inn til grensa for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, som er vern mellom anna ut frå villreininteresser. Ja, vernegrensa måtte enda til flyttast for at hytteutbygginga skulle få breie seg. Og det er ikkje gjeve noko rom for buffersone inn mot vernegrensa. I Vågslid i same kommune skaper influenseffektar frå hyggeutbygging og annan turistnæring uheldige tilhøve for villreinen . Det same gjeld i mange andre kommunar inn mot Hardangervidda. Også i Bykle og Valle kommunar i Setesdal Aust og Vesthei gjeld det same. I Tinn kommune er fleire enkeltståande hytter plasserte midt i reinens leveområde både i landskapsvernområdet og i randsonen til Austre Hardangervidda. I tillegg blir det kjempa for at Imingfjellvegen skal vera vinteropen ut frå nærings- og samfunnsinteresser. Dette vil i så fall vera ei barriere for reinens beitetrekk. Vinteropen riksveg 7 over Hardangervidda har dei same konsekvensane. I samband med fylkesdelplan for Hardangervidda (planområde utanfor nasjonalparken), blei reinens leveområde både på aust og vestsida av vidda neglisjerte av omsyn til næringsinteresser. Slik kan ein halde på......... I tillegg til effektar av eit hopetal tilsvarande tiltak rundt om i alle landets villreinområde som reinen så sårt treng urørte for å oppretthalde nomadetilveret sitt saman med trekkruter, kalvingsplassar og beiteområde, påverkar det det økosystemet som reinen er avhengig av og ein viktig del av. Utbygging og ferdsel som fragmenterar villreinens tilhaldsstader er dei største trugsmåla mot framtida for reinens framtid i norsk natur. På toppen av dette, og kanskje som følge av vår tukling med økosystemet, utfordrar også ulike sjukdomar reinens ve og vel. I verste fall kan reinen også bli eit offer for klimaendringane. Det betyr at nasjonalskatten i faunaen vår, villreinen, er truga frå mange kantar. Mykje er opp til oss om me vil behalde denne unike dyrearten inn i framtida.

Jon Ingebretsen

Naturrettleiar