Lokalisering av helse- og omsorgstenestene - oppklaringar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerInnleiing

Debatten som går om lokaliseringsvedtaket av Tinn kommunes framtidige helse- og omsorgstenester har teke mange retninger. Det er bra at saker vert debattert offentleg og eg har ingen problem med å forstå at det er ulike meiningar om denne  viktige saka. Skal  diskusjonen ha nokon verdi må den imidlertid basere seg på faktum og i mindre grad på synsing.

Loaliseringsdebatten har foregått i lang tid. Rjukan sykehus har vore eit reelt alternativ til å legge kommunens tenester dit .  Det er gjort mange forsøk på å finne driftsmodellar  for dette utan å lukkast.

5. oktober 2017 gjorde kommunestyret eit vedtak om at kommunens framtidige helse- og omsorgstenester skal samlokaliserast i området ved Eldres hus. Dette vedtaket forheld sjølvsagt rådmannen og den kommunale administrasjonen seg lojalt til.

Motstandarane av lokalisering av kommunen sine helsetenester til  tomta ved Eldres hus påstår at det manglar økonomiske vurderinger, vurderingar av ras og flomsikring, at utbygginga ikkje har tidsperspektiv, at det er uforsvarleg å legge ned sjukeheimsplassar, at STHF no har gitt Tinn kommune eit «glimrande tilbod» om å kjøpe Rjukan sykehus, at Tinn kommune ved å ikkje flytte sine tenester til Rjukan sykehus gjeva avkall på mange nye arbeidsplassar mm.

Mange av desse påstandane skuldast i «beste fall» mistydingar og eg finn grunn til på oppklare noko av dette.

Økonomi

Økonomi ligg sjølvsagt som ein svært viktig premiss for lokaliseringsvalget.

Helse- og omsorg står for dei mest kostnadkrevande tenestene kommunen har ansvar for. Like viktig som investeringskostnadane er å få til ei rasjonell drift av desse tenestene. Etter at Rjukan sykehus vart lagt ned og kommunal drift av legevakt, øyeblikkeleg hjelpplass og 12 kortidsplassar var flytta til sykehusbygningen har kommunens utgifter til drift av omsorgstenestene  auka med 25 %. Drifta av pleie- og omsorg institusjon er ca 14 mill. kr. høgare i 2017 enn den var i 2014. Dette er nærare 10 mill. kr. høgare enn det i utgangspunket er budsjett til. Dette kan ikkje fortsette med den inntektsutviklinga kommunen har.

Kommunen har også ein situasjon fram mot 2025 der talet på eldre over 80 år går betydleg ned,  noko som gjer at kommunen misser yttarlegare inntekter gjennom rammeoverføringane  frå staten. Frå 2025 aukar talet på eldre att fram mot ei eldrebølgje som verkeleg tek fart opp mot år 2030. Vi har no nokre år på bygge ut helse- og omsorgstenestene for å takle eldrebølgja  på ein trygg måte, ikkje minst ved å ha ei rasjonell og moderne drift av desse tenestene. Dette krev naturlegvis investeringar og det blir no  resevert midlar i kommunens økonomiplan til dette.

Det vart i samband med lokaliseringssaka gjort ei grundig analyse av investeringsbehovet og denne analysen vart lagt fram for kommunestyret i møtet 5. oktober. Analysen baserar seg på føresetnader som vart gjennomgått av kommunale instanser (teknisk sjef, økonomisjef, kommunalsjefer) og representantene for RNu (Erik Normann, Steinar Ulla) i fellesskap. Det var semje om føresetnadane  som var lagt til grunn  med nødvendige atterhald om usikkerhet.

Det vart brukt mykje tid på desse vurderingane og når det skal gjerast  vurderingar av lokalisering og investeringar som har lang levetid, oppstår det ein nokre utfordringar når det gjelder dei økonomiske sidene:

  • Investeringar skal gjelde i eit 50 – års perspektiv. Investeringar som på kort sikt kan være gunstige, kan i eit lengre perspektiv være ugunstige.
  • Avhengighet av ei eksisterande bygningsmasse kan avgrense mogleghetane for økonomiske gevinstar knytt  til drift dvs. bruk av personell, logistikk, energi, reinhald, energi, teknologi osv.
  • Det kan være forskjellig usikkerhet knyttet til lokaliseringsalternativene når det gjelder infrastruktur, beredskapsutfordringer m.m.

Det var lagt fram eit behov for en bygningsmasse på noko over 7300 m2 samla  sett. Dette var  basert på eit funksjons-/romprogram med grunnlag i dagens drift.

Ved ein kritisk gjennomgang og ved å tenke nytt om drift vil det vere mogleg å effektivisere arealbruken og  derved redusere arealbehovet og investeringane. Dette vil naturlegvis vere enklast i dei alternativa der ein ikkje er avhengig av eksisterende bygningsmasse.

Dersom alt vert rehabilitert/bygd nytt gjev det dei beste mogleghetane for bygge slik at en kan få ei mest mogleg rasjonell drift og utnytting av ny teknologi. Er ein avhengig av eksisterande bygningsmasse, kan det avgrense utforming av areala og bygningene og gje svakare driftsmessige synergiar.

Denne analysa la  forøvrig til grunn at sykehuset kunne kjøpast for 13,5 mill. kr. (etter opplysningar frå RNu).

Det er mange som ikkje har fått med seg denne økonomiske analysa, men den er tilgjengeleg for interesserte. Talet på 300 mill. – som mange synsar om vil stige til uante høgder -  ser eg blir  brukt ukritisk i debattar. Det som ikkje er kome fram er at dette er  eit overslag på kva ein må investere i nybygg og opprustningar i løpet av ein 50- årsperiode – ikkje kva som må investerast umiddelbart. Helse- og omsorgsplanen og budsjett/økonomiplan vil styre investeringstakta.

Ras og flaum

Det er gjort eit stort nummer av rasfare og grunnforhold på Eldres Hus tomta. Planavdelinga presenterte si  vurdering av dette i kommunestyret 5. oktober og i eit eige notat som følgde saka  til kommunestyret. Konklusjonen er at dette lar seg relativt enkelt løyse. Rådmannen har også svart opp Rjukan Sykehus venner i forhold til dette.

Nye arbeidsplassar

Ved ei samlokalisering av kommunens helse- og omsorgtenester til Rjukan sykehus vil det ikkje vere arealmessig plass til privat helseretta virksomhet,  sjølv om det blir bygt ut med nye kommunale avdelingar. Det vil heller ikkje vere plass heimesjukepleia,  noko som er viktig å få til som ein del av den samlokaliseringa det er politisk semje om. Ei flytting av eksisterande kommunale arbeidsplassane til Rjukan sykehus vil m.a.o ikkje gje nye arbeidplassar til Tinn.

Vedtak  om reduksjon av sjukeheimplassar er fatta uavhengig av lokalisering og har samanheng med den store reduksjonen i eldrebefolkninga over 80 år vi har hatt og vil få fram til 2023.

Dersom det imidlertid er mogleg å få nye, eksterne  helserelaterte  virksomhetar til å etablere seg  i sykehuset,  vil dette kunne tilføre nye arbeidsplasser, men då  snakkar vi om eit reint næringsprosjekt. Dette har vore prøvd i alle fall i 3 ulike prosjekt utan at det har lukkast. Tilbakemeldingane frå Erik Normann – som ligg til grunn for rådmannens innstilling om kva som skal skje med næringsprosjektet knytt til Rjukan sykehus – viser at det ikkje er registrert interesse for dette. Spørsmålet er då kor realistisk er dette. Saka om næringsprosjektet er imidlertid ei sak som kan vurderast uavhengig av lokaliseringssaka.

Rådmann Rune Lødøen

Artikkeltags